Fredag 19. august vart det sveitt i festivalteltet under den årlege trebåtfestivalen i Ulsteinvik med BokkeReidars Blues Band, Sunnmøre Baarelag, Gas Pilot og Kind of Blues.
For sjette gong vart i slutten av august trebåtfestival i Ulsteinvik med variert program (messeområde, trebåtleikane, Kaptein Blåtann og masse musikk). Fredag 19. august var det Wood Boat Blues i stortelt i Ulsteinvik sentrum med desse banda:
Sunnmøre Baarelag http://www.baarelaget.no/
Gaspilot http://www.myspace.com/httpwwwmyspacecomgaspilot
Kind of blues (Ulsteinvik) og BokkeReidars Bluesband.
Stemninga var god og i Vikebladet og Sunnmørsposten vart konserten med Bokkane omtalt slik av TVNs Hallbjørn Saunes:
"Det var groovy, det var rått! Heile tida svinga det skikkeleg av karane. Eg har nesten ikkje ord. Dette var rett og slett kunst. Det var som å kome inn i ein musikk klubb i New Orleans, med KC & the Sunshine Band. Ei stor konsertoppleving!"
For meir informasjon om festivalen - sjekke nettstaden: http://www.trebaatfestivalen.no/?f=arrangement