Arkiv

Informasjon om feiringa på Chat Noir

I samarbeid med Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer vi til 35 årsfest på sjølvaste Chat Noir i Oslo laurdag 26. august.

Publisert 12.07.17

Les mer
Festivalsuksess på Trandal Blues.

Festivalsuksess på Trandal Blues.

Noregs tøffaste bluesfestival feira 10 år i starten av juli og serverte mellom anna Blues Brothers Band, Knut Reiersrud, Vidar Busk og BokkeReidars BluesBand m/ Side Brok. Det vart ei kjempehelg.

Publisert 12.07.17

Les mer
BRBB feirar 35 år på Chat Noir!

BRBB feirar 35 år på Chat Noir!

Det lengstlevande bluesbandet i landet feira sine 30 første år for fem år sidan med brask og bram i Ørsta kulturhus. Bursdagen vart feira med flotte gjesteartisar og med at alle i salen vart invitert på pølsefest i foajeen etter konserten. No er bandet 35 år.

Publisert 14.02.17

Les mer
Ønskereprise til Trandal Blues 2017

Ønskereprise til Trandal Blues 2017

Når verdas vakraste bluesfestival no til sommaren feirar sine 10 første år er programmet delvis repriser frå det beste festivalen har presentert.

Publisert 14.02.17

Les mer
BRBB tilbake til Buckleys

BRBB tilbake til Buckleys

Roots og bluesscena Buckleys i Oslo må finne seg ein ny plass å vere, og ei konkret løysing på dette er ikkje på plass enno.
BRBB har spelt mange gongar her dei siste åra. Dei avsluttar med å spele to konsertar på ein dag..

Publisert 14.02.17

Les mer
Kjekk kveld saman med Side Brok i Ulsteinvik

Kjekk kveld saman med Side Brok i Ulsteinvik

For tredje gong stod BokkeReidars BluesBand på scena saman med Hovdebygda si stoltheit Side Brok. Det verka som publikum hadde det like kjekt som oss på scena..

Publisert 27.08.15

Les mer
BRBB & Side Brok til Trebåtfestivalen i Ulsteinvik

BRBB & Side Brok til Trebåtfestivalen i Ulsteinvik

Laurdag 15. august vert det meir av samarbeidet mellom blues og rap. For tredje gong står BokkeReidars Blues Band og Side Brok på scena saman.
Meir informasjon om festivalen finn du her: http://www.trebaatfestivalen.no/

Publisert 27.07.15

Les mer
BRBB til Jazzfest i Trondheim

BRBB til Jazzfest i Trondheim

Fredag 8. mai spelar BokkeReidars BluesBand på Jazzfest i Trondheim.

Publisert 06.04.15

Les mer
BokkeReidars BluesBand - Live i Volda

BokkeReidars BluesBand - Live i Volda

Det er lenge sidan BRBB har spelt i Volda - men no har du sjansen til å oppleve karane i konsertformat.

Publisert 09.01.15

Les mer
Trandal Blues 2014: BokkeReidars Bluesband + Side Brok

Trandal Blues 2014: BokkeReidars Bluesband + Side Brok

Dette er andre gongen Bokkane står på scena under Trandal Bluesfestival. Det er òg andre gongen dei deler scena med Side Brok.

Publisert 03.07.14

Les mer
Bokkane kosa seg på Dølajazz!

Bokkane kosa seg på Dølajazz!

Nyleg var BokkeReidars Bluesband tilbake på Dølajazz. Denne gongen, som sist, for å avslutte festivalen med arrangementet Supernatta. I år spelte dei saman med legendariske Chipahua. Det vart ei super natt..

Publisert 19.10.13

Les mer
Døla Jazz 2013: BokkeReidars BluesBand & Palle "Groove"

Døla Jazz 2013: BokkeReidars BluesBand & Palle "Groove"

Bokkane er tilbake på Døla Jazz - og til årets festival stiller dei saman med den svensk-norske Hammond B3 guruen Palle "Groove" Wagnberg, mellom anna kjent frå The Real Thing.

Publisert 22.09.13

Les mer
Smakebitar frå 30 årsfesten på youtube!

Smakebitar frå 30 årsfesten på youtube!

Det vart ein riktig triveleg kveld i desember når BRBB skulle feire 30 år saman med mellom anna Vidar Busk & Side Brok. Sjå sjølv.

Publisert 22.09.13

Les mer
Nesten utselt jubileumskonsert!

Nesten utselt jubileumskonsert!

Dersom du vil ha med deg tidenes BokkeReidars konsert må du skaffe deg billette snarast.

Publisert 05.11.12

Les mer
Vidar Busk og Side Brok vert gjestar!!

Vidar Busk og Side Brok vert gjestar!!

Den norske blueskongen Vidar Busk og dei tøffaste gutane frå H-bygda, T. Hyl og Skatebård, vert å sjå på scena saman med BokkeReidars Bluesband 10. november.. Dersom du lurer på korleis dette blir.. kjøp billett!

Publisert 31.08.12

Les mer
BokkeReidars Bluesband med gjestar - jubileumskonsert!

BokkeReidars Bluesband med gjestar - jubileumskonsert!

Laurdag 10. november skal Noreg sitt lengstlevande bluesband feire sine 30 år! Dette skjer i konsertsalen ved Ørsta kulturhus saman med både humoristiske og musikalske gjestar (meir info kjem her).

Publisert 20.08.12

Les mer
Opplev BRBB på Fabrikken i Lillehammer!

Opplev BRBB på Fabrikken i Lillehammer!

Laurdag 8. september er det klart for tur til Lillehammer. Bokkane spelar under bakgårdsfesten ved Fabrikken.

Publisert 20.08.12

Les mer
Kjekk kveld ved Frogner Hovedgård

Kjekk kveld ved Frogner Hovedgård

Bokkane vart hyra inn til å underhalde i eit privat arrangement ved Frogner Hovedgård 10. august. Det vart ein kveld med god stemning og nye kjenningar.

Publisert 20.08.12

Les mer
BokkeReidars kjem til Oslo

BokkeReidars kjem til Oslo

Då er det klart for sunnmørsk bluesaften i hovudstaden - bokkane kjem til Herr Nilsen 8. juni.

Publisert 06.04.12

Les mer
Bokkeblues på asylet

Bokkeblues på asylet

Bluesasylet på P2 spelar frå "Sprengstoff".

Publisert 06.04.12

Les mer
Gudbrandsdølen om Bokkane og "Sprengstoff".

Gudbrandsdølen om Bokkane og "Sprengstoff".

Tysdag 6. mars kunne lesarane av Gudbrandsdølen lese om oss og den nye plata vår. Dei har sjølvsagt litt fokus på våre eminente medlemmar Trond (Sax) og Andrè (Trombone) på grunn av at desse to bur på Lillehammer. Klikk deg inn og les (om du vil ha større bilete - høgreklikk på biletet og velg "vis bilete".

Publisert 06.03.12

Les mer
Kjøp deg litt "Sprengstoff"! Ny plate av BokkeReidars Bluesband

Kjøp deg litt "Sprengstoff"! Ny plate av BokkeReidars Bluesband

Då er det råd å skaffe seg 12 nye songar med BokkeReidars Bluesband. Her får du tak i den: Statoil i Volda, Aasentunet i Hovdebygda, Røysli handel i Volda, Lydmakeriet i Ørsta og Statoil i Midsund. Skulle dette vere vanskeleg på nokon slags måte er det berre å ta kontakt med Svein (91648802) eller Klaus (91123588) så skal det nok ordne seg.

Publisert 19.12.11

Les mer
Norsk på norsk

Norsk på norsk

NRK Møre & Romsdal har i dag spelt "Damå mi" for første gong på radio - og har laga sak på det å gje ut musikk med norske tekstar. Dei nemner i fleng: Nordstoga, Kaizers, Bjørn Eidsvåg, Skambankt, Herborg Kråkevik og.. BokkeReidars Bluesband..

Publisert 19.12.11

Les mer
JuleBokk 2011

JuleBokk 2011

Tradisjon tru: det vert JuleBokk dette året òg.. Men dette året vert litt annaleis..

Publisert 15.12.11

Les mer
Sprengstoff i lokalavisa Møre

Sprengstoff i lokalavisa Møre

Her har det enten skjedd noko heilt tilfeldig... eller så har ein eller anna journalist i lokalavisa vår hatt det litt artig på jobb.. Sjekk sakene som står saman på framsida tysdag 29. november..

Publisert 01.12.11

Les mer
Ny facebook-side med biletelager!

Ny facebook-side med biletelager!

Sjekk ut - og "lik" den nye fb.com sida vår!

Publisert 06.11.11

Les mer
Voldadagen 2011

Voldadagen 2011

Voldadagen 2011 vart ein suksess. Masse folk og god stemning. Frå scena vart det etter kvart spreia blåtonar til voldingane - frå Bokkane.

Publisert 14.09.11

Les mer
Wood Boat Blues, Ulsteinvik

Wood Boat Blues, Ulsteinvik

Fredag 19. august vart det sveitt i festivalteltet under den årlege trebåtfestivalen i Ulsteinvik med BokkeReidars Blues Band, Sunnmøre Baarelag, Gas Pilot og Kind of Blues.

Publisert 14.09.11

Les mer
Trandal Blues 2011

Trandal Blues 2011

Det vart veldig kjekt på Trandal 2. juli.. Bratt og blått.

Publisert 07.07.11

Les mer
Bokkane@Trandal-Blues.2011

Bokkane@Trandal-Blues.2011

Det ligg an til å vert sveitt og heitt på Trandal 1.-2. juli under årets bluesfestival. Flott program!

Publisert 27.04.11

Les mer
Bokkane på dei Nynorske Festspela

Bokkane på dei Nynorske Festspela

Torsdag 25. juni hadde omtrent 250 møtt opp for å høyre BokkeReidars BluesBand spele konsert i uteamfien ved Ivar Aasen museet. Med seg hadde bokkane vikar John Inge Leira Bjøringsøy.

Publisert 27.06.09

Les mer

Sunndal Kulturfestival: BokkeReidars med gjest

Laurdag 20. juni spelar BokkeReidars på Sunndalsøra

Publisert 17.06.09

Les mer

Last ned ringetone og bakgrunnsbilde på mobiltelefonen!

Bilde av BokkeReidars Blues Band kan no lastast ned som bakgrunnsbilde på mobil gjennom musikkonline.no. I tillegg kan låtane "Gal etter kvinnfolk" og "Bondeknøl" lastast ned som ringetone. CDen kan også kjøpast i si heilheit i MP3-format for nedlasting.

Les mer

BokkeReidars i Bluesasylet på P2

8. januar 05 var BokkeReidars Blues Band omtala og låten "Gal etter kvinnfolk" spelt i Bluesasylet på P2. Innslaget kan du høyre her.

Les mer

BokkeReidars på 8. plass på Norsktoppen!

04.12.04: Veke 49 kom BokkeReidars på 8. plass på Norsktoppen. Dette er andre veka vi er inne på lista. Låta er den same; "Det du he" frå vår siste CD!! Du kan høyre eit kutt av låten her. Vi takkar nok ein gong alle som har stemt på oss! Dette set vi stor pris på! Vi håper fortsatt at alle vert med å stemme oss vidare på Norsktoppen neste veke også!

Publisert 16.04.07

Les mer

BokkeReidars på 4. plass på Norsktoppen!

27.11.04: BokkeReidars kom på 4. plass på Norsktoppen denne veka (veke 48) med låta "Det du he" frå vår siste CD!! Det er trombonisten i bandet, André Folkestad, som står bak låten og du kan høyre eit kutt av låten her. Vi takkar alle som har stemt på oss! Dette set vi stor pris på! Vi håper at alle vert med å stemme oss vidare på Norsktoppen neste veke også!

Publisert 16.04.07

Les mer

BokkeReidars igjen på Kanskje på Norsktoppen!

21.11.04: For andre gong denne hausten er ei BokkeReidars-låt plukka ut til å være med i Kanskje på Norsktoppen på NRK P1. Denne gongen er det låta De Du He frå vår siste CD som skal kjempe om Norsktopplassering saman med 12 andre låtar. Vær med å stem inn BokkeReidars på Norsktoppen som det første bluesbandet nokon gong?? Du kan stemme fram til tysdag 23. november kl. 09.

Publisert 16.04.07

Så er CD'en «En time til» ute i butikkhyllene

10.10.04: Releasepartyet vart ein suksess! Regnet held seg vekke og fleire hundre kom for å få med seg konserten på torget i Volda. Mange av desse slo til og kjøpte CD'en frå standen vår. Bandet brukte elles helga til å øve fram mot konserten på Dølajazz den 16. oktober.

Publisert 16.04.07

Releaseparty i Volda sentrum laurdag 09.10.04 kl 1200

29.09.04: Vår nye CD "En time til" er no sendt til trykking og vil vere i sal frå laurdag 09.10.04. CDen kjem ut på Sonor Records, eit Trondheimsbasert plateselskap. I dette høvet inviterer BokkeReidars Blues Band til release party i Volda sentrum laurdag 09.10.04 der vi vil spele live frå kl. 1200 og utover! Følg med i lokalpressa!

Publisert 16.04.07

BokkeReidars spelar på JuleJazz i Ålesund 4. juledag

27.09.04: For sjette året på rad spelar BokkeReidars Blues Band på den tadisjonsrike JuleJazzen til Ålesund Jazzforum. Staden er den same; Bankettsalen på Rica Parken Hotel i Ålesund, og som vanleg er 4. juledag dagen.

Publisert 16.04.07

Ingen Norsktopp på BokkeReidars...

22.08.04: Desverre så kom ikkje BokkeReidars inn på Norsktoppen - denne gongen. Men vi synest likevel det var flott at ein av låtane blei plukka ut som aktuell nykommar på lista. Litt uventa var det jo også å bli nominert som bluesband til Norsktoppen. Men vi har fått mykje fin omtale i samband med dette. Og tusen takk til alle som stemte på oss!!!

Publisert 16.04.07

Release av ny CD laurdag 9. oktober

11.08.04: BokkeReidars Blues Band slepp sin nye CD "En Time Til" laurdag 9. oktober. Følg med på heimesidene for meir informasjon når det tek til å nærme seg!

Publisert 16.04.07

Singelen veldig godt mottatt!

Dei første tilbakemeldingane på vår nye singel har vore veldig positive. Det er vel først når heile CDen kjem ut til hausten at vi får svar på om folket likar det vi driv på med.

Publisert 16.04.07

Les mer

BokkeReidars og Mike Gallaher til DølaJazz

14.07.04: Bokkereidars Blues Band skal spele under DølaJazz på Lillehammer fredag 16. oktober. Vi fått med oss som gjesteartist den amerikanske gitaristen Mike Gallaher, som også er Joe Cockers faste gitarist. Gallaher har også samarbeidd med den no avdøde saksofonisten Bob Berg. Dette blir ei spanande og unik konsertoppleving!

Publisert 16.04.07

Les mer

Nye heimesider

14.07.04: I høve utgivinga av den nye CDen har BokkeReidars Blues Band laga ny grafisk profil, og dette omfattar også nye heimesider som du ser resultatet av her. Desse synest vi har vorte svært så fine og vi aktar å oppgradere dei mykje oftare enn før! Så klikk deg innom av og til for å få siste nytt!

Publisert 16.04.07

Promosingel frå den nye CDen er ute

24.06.04: Den nye CDen til BokkeReidars Bluesband er no ferdig, og promosingelen går i desse dagar ut til diverse radiostasjonar og redaksjonar rundt om i landet. Singelen inneheld tre låtar: Ein time til, Det du he og Hypp på deg. CDen er som sagt ferdig, men vi har valgt å vente med å sleppe den til sommarferien er over. Info om lanseringsnyttdato kjem etterkvart.

Publisert 16.04.07

Vel blåst i OL-byen!

15.02.04: Lillehammer stod på hovudet i helga med tusenvis av tilreisande for å feire dei ti åra som har gått sidan den fantastiske folkefesten i -94. Avslutninga med stort program og etterfølgande fest i Haakonshall blei ein stor suksess med over 4000 betalande innanfor dørene. Sjølv om arrangementet starta allereie kl. 19, så var det svært mange som heldt ut og rocka seg inn i dei seine nattetimane med BokkeReidars Bluesband. Dette er vel det største arrangementet som bandet har vore med på så langt, og lokalitetane var noko forskjellige frå til dømes gamle hotell Leon i Sykkylven... Forøvrig nytta bandet tida gått i OL-byen. Coverbilde til den nye CDen og nytt bandbildet blei ordna innimellom dei olympiske slaga.

Publisert 16.04.07

BokkeReidars på OL-jubileumet på Lillehammer!

10.12.03: Helga 12.-15. februar feirar Norge og Lillehammer 10. årsjubileum for Lillehammer-OL. Jubileumet blir markert med ein kjempefest i Haakonshall laurdag 14. februar. Og der spelar også BokkeReidars Bluesband! Dei med god hukommelse hugsar kanskje at BokkeReidars også spelte under vinterleikane i -94. Så dette blir ein slags reprise. Det er venta fleire tusen som vil delta på festen der også mange andre artistar skal bidra. Så dersom du ikkje har lagt planer for helga, så kan Lillehammer være eit godt tips.

Publisert 16.04.07

Ny CD klar over nyttår!

24.11.03: 12.-14. september gjekk BokkeReidars i studio og spelte inn materialet til det som blir den nye CDen frå bandet. Det er det nye materialet med norske tekstar som bandet har jobba med det siste året som no er spelt inn. Akkurat i desse dagar er produsent Yngve Sæthre i gong med å mikse/ferdigprodusere låtane. Meir info om den nye CDen kjem snart!

Publisert 16.04.07

Med Ivar Aasen backstage!

23.06.03: Vi har kome eit stykke vidare med norskprosjektet vårt, som har fått arbeidstittelen "Med Ivar Aasen backstage!"

Publisert 16.04.07

Les mer

Dagen derpå...

01.06.03: Takk for ein strålande kveld på Baronessen i Spjelkavik, Ålesund, i går kveld! Det er lenge sidan sist vi spelte på Baronessen, men vi kjem gjerne igjen. Fantastisk publikum!

Publisert 16.04.07

Dagen derpå...

Takk for ein flott konsert på Lillehammer i går! Eit fantastisk entusiastisk publikum som verkeleg inspirerar oss til max innsats!! Også i år var det rundt to hundre som hadde funne vegen til konsertlokalet, og det var svært hyggeleg å konstatere at vi drog kjensel på dei aller fleste fjesa. Lillehammer har blitt ei heimebane for oss! Og går alt etter planen, så er vi tilbake på Lillehammer neste år til same tid.

Publisert 16.04.07

Det skjer mykje spennande rundt bandet i desse dagar

BokkeReidars skal spele under Dei Nynorske Festspela i Volda fredag 27. juni, på ein stor utekonsert i Volda sentrum nede ved hamna. Store delar av sentrum blir sperra av under arrangementet, og klaffar det med godt vær, så kan dette bli verkeleg morosamt! Det er forøvrig 11 år sidan sist BokkeReidars spelte under Festspela, som den gong var den allerførste utgåva under namnet Nynorsk Festspelveke. Vi jobbar også ein del med låtskriving, og har i samband med det knytta til oss ein svært spennande tekstforfattar! Og går alt etter planen så kan det også hende at det kjem ein ny BokkeReidars-CD om ikkje alt for lenge.

Publisert 16.04.07

BokkeReidars har konvertert til NORSK!

BokkeReidars Bluesband runda 20 år ved årsskiftet, og vi har i denne perioda konsekvent framført tekstane våre på engelsk. Det einaste unnataket var då vi vart inviterte til skrive og framføre ei låt under den aller første utgåva av Dei Nynorske Festspela, ei låt som skulle ha nynorsk tekst og som difor ikkje heilt overraskande fekk tittelen Ivar Aasen.

Publisert 16.04.07

Les mer