Vel blåst i OL-byen!

15.02.04: Lillehammer stod på hovudet i helga med tusenvis av tilreisande for å feire dei ti åra som har gått sidan den fantastiske folkefesten i -94. Avslutninga med stort program og etterfølgande fest i Haakonshall blei ein stor suksess med over 4000 betalande innanfor dørene. Sjølv om arrangementet starta allereie kl. 19, så var det svært mange som heldt ut og rocka seg inn i dei seine nattetimane med BokkeReidars Bluesband. Dette er vel det største arrangementet som bandet har vore med på så langt, og lokalitetane var noko forskjellige frå til dømes gamle hotell Leon i Sykkylven... Forøvrig nytta bandet tida gått i OL-byen. Coverbilde til den nye CDen og nytt bandbildet blei ordna innimellom dei olympiske slaga.

system @ Bokkereidars // 16.04.07