BokkeReidars på OL-jubileumet på Lillehammer!

10.12.03: Helga 12.-15. februar feirar Norge og Lillehammer 10. årsjubileum for Lillehammer-OL. Jubileumet blir markert med ein kjempefest i Haakonshall laurdag 14. februar. Og der spelar også BokkeReidars Bluesband! Dei med god hukommelse hugsar kanskje at BokkeReidars også spelte under vinterleikane i -94. Så dette blir ein slags reprise. Det er venta fleire tusen som vil delta på festen der også mange andre artistar skal bidra. Så dersom du ikkje har lagt planer for helga, så kan Lillehammer være eit godt tips.

system @ Bokkereidars // 16.04.07