Kjekk kveld saman med Side Brok i Ulsteinvik

For tredje gong stod BokkeReidars BluesBand på scena saman med Hovdebygda si stoltheit Side Brok. Det verka som publikum hadde det like kjekt som oss på scena..

Fullt telt og stor stemning under Trebåtfestivalen i Ulsteinvik i august. For tredje gong vart denne nye miksen av rap og blues presentert for eit særs variert publikum. Det vart skikkeleg kjekt og det var nok ikkje siste gongen dette blir gjort. Her er ein liten stemningsrapport frå avisa mørenytt:

http://www.morenytt.no/kultur/article11432021.ece

Klaus Blø @ Bokkereidars // 27.08.15

BRBB & Side Brok på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik

BRBB & Side Brok på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik