BRBB & Side Brok til Trebåtfestivalen i Ulsteinvik

Laurdag 15. august vert det meir av samarbeidet mellom blues og rap. For tredje gong står BokkeReidars Blues Band og Side Brok på scena saman.
Meir informasjon om festivalen finn du her: http://www.trebaatfestivalen.no/

Ulsteinvik, Trebåtfestivalen laurdag 15. august: BokkeReidars Blues Band og Side Brok frå 22.30.

Då BRBB feira 30 år i 2012 inviterte bandet Vidar Busk, Jorun Erdal, Kirsten Ose og Side Brok til å dele scena saman med dei i Ørsta kulturhus. Eit fullstappa hus fekk med seg ein særs kjekk og svingande kveld. Rap+blues vart ein skikkeleg innartiar, så derfor vart det meir av dette under Trandal Blues i 2014.

Dette er altså tredje gongen dette samarbeidet skjer - og det skjer i festivalteltet under trebåtfestivalen. Det kan bli retteleg kjekt, så skaff deg billett og gjer det klar til å riste på raua.

Meir informasjon om festivalen finn du her: http://www.trebaatfestivalen.no/

Klaus Blø @ Bokkereidars // 27.07.15

Side Bokk

Side Bokk