Bokkane er tilbake på Døla Jazz - og til årets festival stiller dei saman med den svensk-norske Hammond B3 guruen Palle "Groove" Wagnberg, mellom anna kjent frå The Real Thing.
For BokkeReidars BluesBand er Lillehammer ei av heimebanene. To av bokkane bur på Lillehammer og bandet har spelt der med jamne mellomrom, både under tidlegare Døla Jazz-festivalar, under Blues Festivalen og seinast på Bakgårdsfesten ved Fabrikken i 2012.
Bandet har akkurat feira 30 årsdag og har slept ei plate sidan sist dei var på Lillehammer. Med seg på supernatta har dei ein av dei beste i Europa på Hammondorgel - Palle "Groove". Organisten og bandet har spelt saman ved fleire høve tidlegare, men aldri på Lillehammer.
Her blir det sveitt stemning utover natta!
Mykje bra på plakaten i år: http://www.dolajazz.no/program