BokkeReidars Bluesband med gjestar - jubileumskonsert!

Laurdag 10. november skal Noreg sitt lengstlevande bluesband feire sine 30 år! Dette skjer i konsertsalen ved Ørsta kulturhus saman med både humoristiske og musikalske gjestar (meir info kjem her).

Pressemelding om feiringa:

BokkeReidars Bluesband rundar heile 30 år denne hausten og er med det også Noregs lengstlevande bluesband! Volda-bandet har ei lang og suksessrik karriére bak seg med tv-opptredenar, fleire album og speling på dei største festivalane her i landet som Molde Jazz og Vossa Jazz.

BokkeReidars er åtte mann som spelar saftig blues, rythm’n and blues og soul. Og er eit av få band her i landet der blåserekka alltid utgjer ein fast del av bandet. Det er spesielt konsertjobbane til bandet med energiske Gunnar Solheim i spissen som har gitt BokkeReidars eit rykte som eit fantastisk live-band. Etter Trandaldalblues i 2011 skreiv musikkbladet BluesNews: ”De serverte soulfylt blues på norsk som svingte noe enormt. Dette er et live-band med trøkk og energi. Anbefales på det sterkeste til både arrangører og publikum!”

Men når BokkeReidars no inviterer til 30-års jubileumskonsert, så gjer dei ikkje det åleine. Med seg på scena har dei også store artistar som skal bidra til at dette blir ein kveld heilt utanom det vanlege, med både humor og varierte musikalske innslag!

 

 

Kjøp billetten din her:

http://www.orsta.kulturhus.no/webid/info/14618/

NB! Begrensa antal billettar!

Klaus Blø @ Bokkereidars // 20.08.12

BRBB 30 ÅR!

BRBB 30 ÅR!

Geir Høydalsvik