JuleBokk 2011

Tradisjon tru: det vert JuleBokk dette året òg.. Men dette året vert litt annaleis..

I desember 1982 hadde BokkeReidars Bluesband sin første spelejobb. Volda Handelsskule jubilerte og det rykande ferske bandet var det musikalske innslaget under festen i Porsekjellaren.

Dette er no snart tredve år sidan og i alle desse åra har bandet vore aktive som plateartist og liveaktør. I skrivande stund har ikkje underteikna funne fellande bevis for at Knut Reiersrud tek feil når han kallar Bokkane for det lengst levande bluesbandet i landet..

I løpet av levetida har det til no kome tre plater: «I levande live» (1989), «BokkeReidars Bluesband» (1986) og «En time til» (2004).
 

29. desember 2011 er det klart for nummer fire i rekkja – når bandet inntek Studenthuset Rokken i Volda for å gje slepp på plata «Sprengstoff». Her får massene eigenprodusert materiale med høg partyfaktor - frå ein høgst vital 30 åring som i løpet av det siste året har fått strålande tilbakemelding på konsertane sine, til dømes i Bluesnews (bluesblekka i landet) som skreiv: «Anbefales på det sterkeste til både arrangører og publikum!» (Roald Jungård, BN71).

Bokkane har gjort det til ein tradisjon å spele JuleBokk i Volda. Dette året blir denne kvelden med andre ord spesiell – og karane i bandet håper mange tek turen ut for å feire saman med dei.

Vel møtt til ein sveitt og kjekk kveld med BokkeReidars BluesBand.

Klaus Blø @ Bokkereidars // 15.12.11

Sprengstoff

Sprengstoff