Trandal Blues 2011

Det vart veldig kjekt på Trandal 2. juli.. Bratt og blått.

Første helga i juli var det klart for årets blueseventyr på Trandal, ei bygd som til vanleg er befolka av 7 personar. Fredagen vart magisk med mellom anna Ray Gelato og konk Knut Reiersrud. Avisene fortel om vaksne menn rørt til tårar av musikk.. Vakkert.

Laurdagen vart det fint vêr og det vart etter kvart vår tur. Deltakarar frå Ung blues opna ballet og vart etterfulgt av Mørebenken, eit samansett band med medlemmar mellom anna frå Bolga Bluesband, El Cuero og Fjord & Fjell.

Nesten 1000 flotte bluesentusiastar hadde teke turen og veldig mange av desse kosa seg saman med Bokkane under konserten. Vi stilte med nye dressar og med smakebitar frå den komande plata vår "Sprengstoff". Meir informasjon om plata kjem snart her på sida vår.

Her er kva journalist Roald Jungård frå Bluesnews skreiv om konserten vår:

"Den andre gledelige overraskelsen kom da BokkeReidars Bluesband entret scenen. De serverte soulfyllt blues på norsk som svingte noe enormt. Dette er et live-band med trøkk og energi. De dro publikum ut på danseplattingen og økte temperaturen betraktelig. Anbefales på det sterkeste til både arrangører og publikum!"

Ekstra kjekt vart det når ein av arrangørane, og eks-gitarist i bandet, Kjell Rune Klubbenes entra scena for litt jam. Ein flott kveld.

Klaus Blø @ Bokkereidars // 07.07.11

Gjesteartist Klubbenes i fint driv saman med bokkane..

Gjesteartist Klubbenes i fint driv saman med bokkane..