BokkeReidars Bluesband til Balejazz 2010

Sterkt program på årets Balejazz: Real Group, Terje Rypdal, Datarock, Thomas Dybdahl, Nora Noor, Bugge Wesseltoft og mykje meir. BokkeReidars spelar fredag 7. mai.

Festivalen Balejazz har blitt arrangert sidan 1990 og har i løpet av desse åra presentert norske og utanlandske artistar innan jazz, blues og populærmusikk. Sentrum for festivalen er kommunen Balestrand i Sogn og Fjordane. Her kan fastbuande og tilreisande nyte den vakre naturen og musikken under den intime festivalen.

Dette er ikkje første gongen BokkeReidars Bluesband spelar på Balejazz - sist var i 2005 då bandet hadde med seg plata "En time til" i bagasjen.

 Sjekk nettstaden for fullt program og meir informasjon: http://www.balejazz.no/xs09/

 

Klaus Blø @ Bokkereidars // 31.03.10

balejazz

balejazz